Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Impronerande – med Kompani Aasen

23. november 2021, kl. 21:00 - 22:00

– Improteater med Kompani Aasen! Nynorskfolket har no endeleg fått sitt eige improkompani. Oppattkalla etter dialektsnoken, botanikaren, målmannen, språkforskaren og diktaren Ivar Andreas Aasen. Det er duka for dialektbonanza og live nynorskdubbing av stumfilm.
Gløymde manus utan opphavsrett vert henta fram i ljoset, og kanskje set dei opp eit lite spel også. Korleis høyres popmusikken du vaks opp med ut i nynorsk språkdrakt? Og korleis gjekk det eigentleg til, då Aasen reiste rundt i alle avkrokar av landet vårt for å samla dialektar? Kompani Aasen er samansett av medlemmer frå improkompaniet Bakscenen og har spelt improvisert teater i Bergensregionen i årevis.
På scena: Anita Vindenes, Bjarte André Misje, Lars Martin Stokka, Ingvild Johannesen og Stine Revheim Svellingen
Musikar: Kjetil Diepeveen Skaugen
NB: Få plassar i salen. Ver kjapp om du vil sikre deg billett.
Stad: Det Vestnorske Teateret (Logen Bar)
Arrangementet er støtta av Bergen kommune.

Detaljer

Dato:
23. november 2021
Tid
21:00 - 22:00
Kategori for Arrangement: